Klasse 2mka fekk mykje og god informasjon om ulike studietilbod, omvisning og opplevingar på NRK og inspirasjon frå den kulørte vekepressa, på sin studietur til Oslo i førre veke.
Fotograf: Hanne-Cecilie Sande
Medieelevane tok nattbussen til byen onsdag 5. mai og reiste heim fredag 7. mai. Vi hadde dermed berre ei overnatting, som var på Cochs penjonat bak slottet, men to dagar med fagleg program. Første post på torsdag føremiddag var informasjon og omvisning på Westerdals school of communication. Her fekk dei som er interesserte i å vidareutdanne seg innan til dømes film og tv-produksjon eller grafisk design matnyttig informasjon. Eit anna studietilbod er Noroff-instituttet som vi besøkte etter lunsj. Her har dei også fleire studieretningar som kan vere aktuelle for våre elevar.
Begge stader blei klassen teke godt imot og fekk nytting informasjon om mulige utdanningsvegar etter vg3.
Beachstemning og solfylte dagar
Kvelden tilbrakte vi på Yaya's på Majorstuen, ein thailandsk restaurant med eksotisk atmosfære og godt krydra mat, som falt i smak hos dei fleste.
Fredag morgon vakna vi igjen til strålande solskinn og god temperatur i hovudstaden. Etter utsjekking frå Cochs gjekk turen til Marienlyst og omvisning på NRK-huset, der vi mellom anna var innom kostymelageret som inneheld 200 000 antrekk, ulike tv-og radiostudio og ikkje minst lange gangar og korridorar i landets største mediehus.
Etter omvisninga fekk elevane prøve ulike aktivitetar på Opplevingssenteret til NRK. Etterpå delte klassen seg i to, der seks elevar besøkte magasinet Cosmopolitan i sentrum medan resten reiste på bedriftsbesøk til ukebladet Vi Menn i Nydalen. Begge grupper var godt fornøgde med mottakinga og informasjonen dei fekk hos dei vi møtte. Ein vellykka studietur vart avrunda på busstasjonen og retur var med Sogn og Fjordane ekspressen fredag ettermiddag/kveld.