blank document image 1
Tom Arve Stigen er miljøkoordinator for elevane på begge avdelingane på skulen vår.
blank
Miljøkoordinatoren ved Mo og Jølster vgs
 
Trefftider
Eg er fast på avdeling Mo, frå 8 til litt før lunch, kvar måndag og 8 til 15 kvar torsdag (25%).
Resten av jobben min er på på avdeling Jølster, som gymlærar eller miljøkoordinator.

Kontaktinformasjon
Telefon: 57 66 31 78
Mobil: 415 30 665
E-post: tom.arve.stigen@sfj.no 


Aktivitetar for elevane

Eg jobbar med førebyggande, kontaktskapende og sosialpedagogisk arbeid. Eg samarbeider med Øyrane og Hafstad vgs ved miljøkoordinatorene, der målsetjinga er å skape eit godt skulemiljø mellom elevane ved dei tre vidaregåande skulane i kommunen. Av og til har vi felles aktivitetar for og mellom skulane.

På avdeling Jølster er det alltid ein del hybelbuarar. Eg vil prøve å legge litt tilrette for dei, slik at dei trives best mulig. Ta kontakt viss du vil ha litt info om idrettslag eller andre organisasjonar i Jølster. 

De kan bruke skulen sitt datarom, kantine, sjå tv og de har tilgang til vaskemaskin. De kan få låne nøkkel hos Eldbjørg i resepsjonen på avdelinga. Her kvitterer du ut for ein nøkkel, men ver nøye med å levere denne tilbake:-)
Eg brukar å ha eit par ettermiddager med hybelbuarane i løpet av skuleåret, der vi lager mat saman.
Vi prøver kvart år å få til aktivitet kvar onsdag fra 15.30 til 17.30 i gymsalen. Her kjem elevar fra avdeling Mo opp til Jølster, og det er ein glimrande sjanse til å bli kjent med nokon av dei.

På avdeling Mo har eg eit tett samarbeid med Trine Lise, som er miljøarbeidar på internatet.

Eg arbeidar sjølvsagt med administrasjonen på skulen til det beste for deg. Rektor og administrasjonen er svært opptatt av at du og ikkje minst elevrådet skal fungere best mogleg på skulen.

 

Miljøkoordinatoren sine oppgåver:

  1. Du kan få vere med å påvirke direkte i min jobb, ved å kome med forslag til meg, som du trur vil forbetre miljøet på skulen.
  2. Eg samarbeider med lærarane, administrasjonen, lærarråd, elevråd, elevombud og helsesøster, til det beste for deg.
  3. Eg kan mekle i konfliktar mellom elevar, eller mellom lærar og elev.
  4. Eg kan tilby deg å kome på hybelbesøk viss du treng det.
  5. Eg vil prøve å skape positive haldningar for forebyggande tiltak mot rus, mobbing og for at du/alle skal ha det bra i skuletida.
  6. Eg kan tilby deg fortrulege samtalar. Eg har teieplikt. Det er lav terskel for å komme til meg med saker som er viktige for deg.
  7. Eg vil prøve å legge til rette for trivselstiltak i og etter skuletid. Sist skuleår hadde eg bl.a. bowlingkveld og gocartkveld. Alt gratis for elevane. Mellom høstferien og vinterferien forrige skuleår hadde eg tilbod om frukt og grønt kvar fredag ved skulen. Dette var gratis for elevane og det vil også bli eit tilbod i år.
  8. Eg vil arbeide for, og vere med på å skape trivsel og tilhørigheit til skulen. Men trivsel på skulen er også ditt ansvar.
  9. Hugs: Eg er ditt "talerør" på skulen, og har plikt og rett til å gje beskjed til tilsette på skulen, dersom du ikkje trivast.
  10. Eg er koordinator for Elevrådet og er medlem i arbeidsutvalet i lag med rektor. 
  11. Eg jobbar opp mot russ, trafikk, og er kontaktperson for organisasjonar på skulen.
  12. Eg er leiar for folkehelsegruppa ved skulen. Her er bl.a. representantar for elevrådet, adm., helsesøster, folkehelsekoordinator, kantineleiar, tannhelse og sjølvsagt er det ein lærar representert. Utvalet jobber for forebyggande tiltak mot rus, psykisk helse, tobakk og fysisk aktivitet.
  13. Eg arbeidar sjølvsagt tett med rådgiver og spes.ped.koordinatoren ved skulen.

 PS: Og du: Ingen sak er for stor og ingen sak er heller for liten!! Eg er ansatt her på skulen for deg!!

Tom A. Stigen
Miljøkoordinator
Mo og Jølster vgs



Skrivarvenleg side


Publisert av: Daniel Carocca Montero
Dato: 08/19/2010

Tilbake
Copyright © Mo og Jølster vgs

Om skulenStudietilbudKorte kursVaksenopplæringForedling/gardsutsalElevarbeidElevtilbodRådgjevarMiljøkoordinatorenIKTElevrådetLenkjerKorleis gjekk det med? Arkiv
Kontaktinformasjon
Mo og Jølster vgs
6800 Førde
Tlf til:
Mo: 57 65 64 40
Jølster: 57 65 64 80
Fax: 57 65 64 41
e-post