Foredlingsanlegget ved Mo og Jølster vidaregåande skule er eit nytt og spennande anlegg med gode og funksjonelle innreiingar.
Anlegget er tilrettelagt for foredling av både kjøt og fisk når dette kan skje til ulike tider. Det er utstyrt med hengebane, skjerebord, bandsag, kjøttkvern, kjøtthakke og pølsestappar. I tillegg er det vakuumpakkemaskin og vekter med utskrift for etikett. Bord og andre apparat er lette å flytte, då dei er utstyrt med hjul. Det er også 2 små kjølerom i tilknyting til anlegget, eit til slakt og eit til foredla varer. For reingjering og hygiene er det oppvaskmaskin og vaskeanlegg for både vask, skumming og desinfisering.
Anlegget er opent for både prøveproduksjon og for leie. Leigeprisar er som følgjer:
½ dag kr. 300,-
1 dag kr. 500,-
1 helg (fredag ettermiddag - søndag kveld) kr. 1 000,-
1 veke (måndag – fredag) kr. 1 500,-
Sluttrapport frå prosjekt foredling på Mo finn du her.
Bilete frå bruken av anlegget og anna foredling finn du ei lenkje til her.
Kontakt driftsansvarleg Knut Vebjørnsen tlf. 57 65 64 75, mob. 415 30 735 eller
e-post: knut.vebjornsen@sfj.no for nærmare avtale.
Gardsutsal
Gardsutsalet på Mo og Jølster vidaregåande skule avd. Mo ligg nede ved gartneriet. Du svingar til høgre etter innkøyring til skulen. I utsalet får du kjøpt:
Egg og potteplanter heile året
Sommarblomar mai - juli
Grønsaker og poteter juli – desember
Julestjerner desember
Utsalet har ope 3 dagar i veka:
måndag og onsdag 12.00 – 16.00
fredag 12.00 – 16.30
Utsalet har hausten 2009 fått nyrenovert salsavdeling. Så nå har ein større moglegheiter med å utvide varespekteret.
For levering av varer utanom utsalstida kontakt driftsansvarleg på tlf. 57 65 64 54, mob. 415 30 701 eller e-post nils.jorgen.helgheim@sfj.no for nærare avtale.
