blank blank
Vidaregåande opplæring spesielt tilrettelagt for vaksne

Dette bør du vite:

Vaksne, frå og med det året dei fyller 25 år, som har fullført grunnskule eller tilsvarande, men som ikkje har fullført vidaregåande opplæring har etter søknad rett til vidaregåande opplæring.

Denne opplæringa skal vere fleksibel og tilpassa vaksne sin arbeids- og livssituasjon.

Du har rett til å få vurdert den realkompetansen du har skaffa deg gjennom arbeid eller har tileigna deg på annan måte. Realkompetansen din kan dokumenterast og godkjennast som likeverdig med deler av opplæringa. Fylkeskommunen tilbyr den opplæringa du måtte ønskje, enten som kurs spesielt tilrettelagde for vaksne, eller som nettbaserte opplegg.

Kontakt din næraste vidaregåande skule for informasjon og hjelp/rettleiing i høve dine opplæringsønske.

Informasjon om vaksenopplæring
Send elekronisk søknad om vaksenopplæring på VIGO

Agronomutdanning for vaksne

Kombiner utdanning i landbruket med jobben!

Gjennom helgesamling ein gong i månaden og oppgåveløysing over Internett kan du bli agronom på to år.

Kontakt kursansvarleg: Knut Vebjørnsen tlf. 57 65 64 75, mob. 415 30 735 eller e-post: knut.vebjornsen@sfj.no

Søknadsskjema til agronomutdanning for vaksne.

Meir informasjon



Skrivarvenleg side


Publisert av: Daniel Carocca Montero
Dato: 03/03/2010

Tilbake
Copyright © Mo og Jølster vgs

Om skulenStudietilbudKorte kursVaksenopplæringForedling/gardsutsalElevarbeidElevtilbodRådgjevarMiljøkoordinatorenIKTElevrådetLenkjerKorleis gjekk det med? Arkiv
Kontaktinformasjon
Mo og Jølster vgs
6800 Førde
Tlf til:
Mo: 57 65 64 40
Jølster: 57 65 64 80
Fax: 57 65 64 41
e-post